Helse & Omsorg talentity
Meny
Lukk
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Helse & Omsorg talentity
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Hjem » Helse-stillinger / Helserekruttering » helse » jordmor

jordmor

Kvinneklinikken, Helse Bergen HF — BERGEN

Sted
BERGEN
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Kategori
helse
Søknadsfrist
30/11/2026

Kvinneklinikken søker etter jordmødre som ønsker å jobbe hos oss frå sommaren 2027.

Litt om Fødeavdelinga:
Kvinneklinikken har tre fødeeiningar: Føde A/B, Føde C og Føde D Storken. Føde A/B har ansvar for risikofødande og deira barseltid, samt gravide som blir innlagd i svangerskapet. Føde C er ei kombinert eining og ivaretar fødande i eit mellom-risikonivå. Føde D Storken er også ei kombinert lavrisiko føde-barseleining.

Ved Svangerskap og barselpoliklinikk har vi poliklinisk oppfølging for kvinner som får komplikasjonar i svangerskapet, terminkontrollar og ØH-situasjonar. Der er òg barseloppfølging, ammepoliklinikk og samtalar for kvinner med fødselsangst.

Fødeavdelinga er ein spennande arbeidsstad for jordmødrer som ønsker å vere med å utvikle heilskaplege omsorgsmodellar innan svangerskap- fødsel og barselomsorg. Vi søker etter jordmødrer som har interesse for alle fagområda innan fødselsomsorga. Det er tett samarbeid mellom alle seksjonane i Fødeavdelinga.

Stillinga er knytta til Fødeavdelinga, det er ledig faste stillingar i 3 delt turnus frå juni 2027. Aktuelle kandidatar må kunne jobbe 3 delt turnus.

Vi søker etter jordmødrer som vil vere med å engasjere seg i utviklinga på Fødeavdelinga. Du er ansvarleg, løysingsorientert og bidrar med din veremåte til eit positivt og godt miljø for utvikling og teamarbeid. Søknader blir behandla forløpande.

Arbeidsoppgåver

Jordmorfagleg ansvar for gravide, fødande og barselkvinner

Rettleiing av "nybakte foreldre"

Rettleiing av jordmorstudentar, sjukepleiarstudentar og medisinarstudentar

Oppfølging av nyfødde i perinatalperioden

På fødeavdelinga er vi avhengige av jordmødrer med ulik kompetanse, vi har ansvarsvakter på alle skift. Dette er ei viktig rolle og ein viktig del av arbeidet, og vil inngå i arbeidsoppgåvene når ein har fått erfaring og kompetanse til dette

Kvalifikasjonar

Jordmorutdanning med norsk autorisasjon

Må ha grunnleggande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)

Må meistre norsk eller skandinavisk språk munnleg og skriftleg

Erfaring frå fødselsarbeid på Kvinneklinikknivå er ein fordel

Erfaring med elektronisk fosterovervaking (STAN-sertifisert)

Generell sjukepleieerfaring

Personlege eigenskapar

Pasientorientert

Ansvarsbevisst

Gode kommunikasjonseevner

Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver

Ha respekt for kvar enkelt pasient

Vere ein god teamarbeidar

Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Fleksibel

Tole endring

Tilpassingsdyktig

Vi tilbyr

Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Triveleg arbeidsmiljø

Høgt fagleg nivå

Fagleg og personleg utvikling

Det vil bli turnusarbeid. Arbeid i snitt kvar 3. helg

Haukeland sjukehus har tilbod om barnehage for tilsette

Bedriftsidrettslag

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Kari Aarø, Seksjonsleiar, 41701662

Arbeidsstad
Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5199121993

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 30.11.2026

Søk på stillingen »

Lignende stillinger

Helsesekretær — Storoklinikken Da
Miljøterapeut til Barnebolig — Aurora Omsorg AS
BPA assistent — Anonym arbeidsgiver
Er du min nye BPA-assistent? Opptil 100 % fast stilling på dagtid — Medvind Assistanse AS

Helse-stillinger / Helserekruttering – ledige stillinger på følgende steder:

Helse-stillinger / Helserekruttering i ARENDAL
Helse-stillinger / Helserekruttering i BERGEN
Helse-stillinger / Helserekruttering i BODØ
Helse-stillinger / Helserekruttering i BÆRUM
Helse-stillinger / Helserekruttering i DRAMMEN
Helse-stillinger / Helserekruttering i FREDRIKSTAD
Helse-stillinger / Helserekruttering i HAUGESUND
Helse-stillinger / Helserekruttering i INDRE ØSTFOLD
Helse-stillinger / Helserekruttering i KRISTIANSAND
Helse-stillinger / Helserekruttering i LILLEHAMMER
Helse-stillinger / Helserekruttering i LILLESTRØM
Helse-stillinger / Helserekruttering i LØRENSKOG
Helse-stillinger / Helserekruttering i OSLO
Helse-stillinger / Helserekruttering i SARPSBORG
Helse-stillinger / Helserekruttering i SKIEN
Helse-stillinger / Helserekruttering i STAVANGER
Helse-stillinger / Helserekruttering i TROMSØ
Helse-stillinger / Helserekruttering i TRONDHEIM
Helse-stillinger / Helserekruttering i TØNSBERG
Helse-stillinger / Helserekruttering i ÅLESUND
Helse-stillinger / Helserekruttering – en rekrutteringstjeneste fra StarCruiter Nordics & UK AS © 2026
Terms and Conditions | Privacy Policy | Consent Preferences

StarCruiter