Overlege i geriatri ved Seksjon for geriatri
Medisinsk klinikk/ Seksjon for geriatri, Helse Bergen HF — BERGEN
Sted
BERGEN
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Søknadsfrist
06/11/2026
Medisinsk klinikk, Haukeland universitetssjukehus har ledig to faste 100% stillingar for overlege i geriatri ved seksjon for Geriatri. Vi oppfordrar med dette aktuelle kandidatar til å søke. Oppstart 1. mars 2027, eller etter avtale.

Geriatrisk seksjon vart etablert i september 2025. Vi har 8 akuttgeriatriske senger på sengepost for akuttgeriatri og infeksjon, eit ortogeriatrisk tilbod (50% OVL) på Seksjon for Hoftebrot, tilsynsteneste på sjukehuset, telefonisk rådgivingsteneste for eksterne og poliklinisk aktivitet i utvikling. Vi bidreg til fagleg utvikling i heile organisasjonen og til undervisning internt og på tilhøyrande utdanningsinstitutasjonar. Vi har ei viktig rolle i utviklinga av den moderne helsetenesten tilpassa den eldre pasient, og helsetenesteutvikling på tvers av klinikkar er ein viktig del av vår aktivitet. Vi arbeider også med å etablere eigne forskningsprosjekt, med hovedvekt på tverrfagleg forskning som omhandlar riktig behandlingsnivå og optimal, heilheitleg behandling av eldre pasientar som skal gjennom avansert behandling.

Medisinsk klinikk har også einingar for infeksjonssjukdommar, blodsjukdommar, nyresjukdommar, hormonsjukdommar og fordøyingssjukdommar.

Vi søker deg som ønskjer å delta i vidareutviklinga av det geriatriske tilbodet på Haukeland Universitetssjukehus. Vi vil ha deg som er fagleg interessert, som set pris på utvikling og endring og som trivast med å ta på deg ansvar og å ta initiativ i arbeidet. Vi vil ha deg som også ønskjer å formidle og drive fagutvikling. Vi verdsett også høgt interesse for og erfaring med forskning.

Det overordna målet til geriatrisk seksjon er bidra til heilheitleg, persontilpassa behandling av eldre pasientar med hovedfokus på å gjenopprette og behalde funksjon.

Dette er ei unik moglegheit til å arbeide ved eit av landets fremste universitetssjukehus, med stor fagleg breidde, høg forskingsaktivitet og eit sterkt tverrfagleg miljø.

Arbeidsoppgåver

Deltaking i Medisinsk klinikk og Geriatrisk seksjon sine ulike aktivitetar

Delta i Geriatrisk seksjon si bakvaktsordning

Delta i rettleiing og undervisning for legar i spesialisering, andre faggrupper og legestudentar

Delta i kvalitetsforbetringsarbeid og forsking

Delta i vidareutviklinga av seksjonen

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som lege

Spesialist i geriatri eller under spesialisering i geriatri

Erfaring frå sjukehus og/eller tverrfagleg geriatrisk arbeid

Meistre norsk munnleg og skriftleg særs godt

Personlege eigenskapar

Interesse for fagutvikling, interdisiplinært samarbeid, kvalitetsutvikling og helsetenesteutvikling

Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Evne til å og ønskje om å jobbe tett med andre faggrupper (tverrfagleg arbeid)

Fagleg engasjert og opptatt av kvalitet i pasientbehandling

Løysingsorientert og fleksibel

Stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide fleksibelt, strukturert og målretta

Interesse for og/eller erfaring med forskning og forbetringsarbeid

Vi tilbyr

Eit godt arbeidsmiljø

Ein spennande moglegheit til å forme og vidareutvikle ein ny seksjon

Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

Fast stilling og lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Alme Katinka Nordheim, Seksjonsleder/Overlege, 41519875, katinka.nordheim.alme@helse-bergen.no

Arbeidsstad
Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5194478736

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 06.11.2026

Søk på stillingen »