Helse & Omsorg talentity
Meny
Lukk
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Helse & Omsorg talentity
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Hjem » Helse-stillinger / Helserekruttering » helse » Overlege palliasjon

Overlege palliasjon

Legar kreftavdelinga, Helse Møre og Romsdal HF — ÅLESUND

Sted
ÅLESUND
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Kategori
helse
Søknadsfrist
22/11/2026
Vil du vere med å forme framtidas palliative teneste i Møre og Romsdal?

Ved Kreftavdelinga Ålesund sjukehus har vi ledig 100 % fast stilling som overlege i palliativt team frå 1. april 2027.
Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk lege som ønskjer å bidra til utvikling av palliasjon som fagfelt, og til å gi pasientar og pårørande behandling og oppfølging av høg kvalitet.

Palliativ medisin er eit fagområde i sterk utvikling og omfattar avansert symptomlindring, medisinske vurderingar, kommunikasjon og tett samarbeid med både spesialist- og kommunehelsetenesta. Stillinga gir unikt høve til å arbeide breitt klinisk og samtidig bidra til fagutvikling, undervisning og samhandling på tvers av nivåa i helsetenesta.

Vi lyser i utgangspunktet ut stillinga som ei fast 100 % stilling, men vi oppmodar også legar som ønskjer deltidsstilling eller kombinasjonsstilling til å søkje. Det kan vere aktuelt å dele stillinga mellom to søkjarar, om ein ser dette som mest hensiktsmessig gjennom søknads - og tilsettingsprosessen.

Om palliativt team;
Palliativt team ved Ålesund sjukehus er organisert i Kreftavdelinga og arbeider tett saman med andre spesialistar, sjukepleiarar og andre faggrupper kring pasientar med alvorleg sjukdom og komplekse symptom. Teamet har ei sentral rolle i samhandlinga mellom sjukehuset og kommunane, og bidreg med rådgiving, rettleiing og kompetansebreidding til helsepersonell i heile regionen.
Arbeidet omfattar pasientar med kreftsjukdom, men og pasientar med andre alvorlege og livsavgrensande sjukdomar som har behov for spesialisert palliasjon.

Arbeidsoppgåver

Polikliniske konsultasjonar

Oppfølging av inneliggande pasientar ved Sengepost for kreft og blodsjukdommar, og ved andre avdelingar

Vurdering og prioritering av tilvisingar

Ambulant verksemd og heimebesøk

Deltaking i tverrfaglege møte

Rådgiving og rettleiing til helsepersonell i sjukehus og i kommunehelsetenesten

Undervisning og kompetansebygging innan palliasjon

Bidra til kvalitetsarbeid, fagutvikling og vidareutvikling av tenesta

Eventuell deltaking i forsking og innovasjonsarbeid

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som lege

Godkjend spesialist innan relevant fagområde. Særleg aktuelle spesialitetar kan vere onkologi, anestesiologi, indremedisin, allmennmedisin eller andre fagområde med relevans for palliasjon

Interesse for eller erfaring frå palliasjon

Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg

Erfaring frå samhandling mellom kommune- og spesialisthelseteneste er ein fordel

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

har eit sterkt engasjement for pasientbehandling og livskvalitet

møter pasientar og pårørande med respekt, tryggleik og empati

trivst med tverrfagleg samarbeid

er fagleg nysgjerrig og ønskjer å vidareutvikle tenesta

arbeider sjølvstendig og strukturert

bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

Ei spennande stilling i eit fagområde med aukande betydning i helsetenesta

Eit inkluderande og kompetent tverrfagleg fagmiljø

Varierte arbeidsoppgåver og høg grad av sjølvstende

Gode moglegheiter for kompetanseutvikling innan palliasjon

Løn etter gjeldande overeinskomstar

Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon
Synnøve Haram Rotnes, Seksjonsleiar, 90140721, synnove.haram.rotnes@helse-mr.no

Arbeidsstad
Åsehaugen 15

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5185242166

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 22.11.2026

Søk på stillingen »

Lignende stillinger

BPA-assistenter søkes til ung mann i Oslo – dag, kveld, helg og natt. — Medvind Assistanse AS
Har du godt humør og litt ekstra energi å dele? Da kan vi passe godt sammen! 😄 — Mio BPA
Helsefagarbeider/sykepleier — Nordic Care AS avd. Trondheim (Nordic Care AS, Trondheim)
Tannhelseassistent — Sentrum Tannklinikk Ålesund As

Helse-stillinger / Helserekruttering – ledige stillinger på følgende steder:

Helse-stillinger / Helserekruttering i ARENDAL
Helse-stillinger / Helserekruttering i BERGEN
Helse-stillinger / Helserekruttering i BODØ
Helse-stillinger / Helserekruttering i BÆRUM
Helse-stillinger / Helserekruttering i DRAMMEN
Helse-stillinger / Helserekruttering i FREDRIKSTAD
Helse-stillinger / Helserekruttering i HAUGESUND
Helse-stillinger / Helserekruttering i INDRE ØSTFOLD
Helse-stillinger / Helserekruttering i KRISTIANSAND
Helse-stillinger / Helserekruttering i LILLEHAMMER
Helse-stillinger / Helserekruttering i LILLESTRØM
Helse-stillinger / Helserekruttering i LØRENSKOG
Helse-stillinger / Helserekruttering i OSLO
Helse-stillinger / Helserekruttering i SARPSBORG
Helse-stillinger / Helserekruttering i SKIEN
Helse-stillinger / Helserekruttering i STAVANGER
Helse-stillinger / Helserekruttering i TROMSØ
Helse-stillinger / Helserekruttering i TRONDHEIM
Helse-stillinger / Helserekruttering i TØNSBERG
Helse-stillinger / Helserekruttering i ÅLESUND
Helse-stillinger / Helserekruttering – en rekrutteringstjeneste fra StarCruiter Nordics & UK AS © 2026
Terms and Conditions | Privacy Policy | Consent Preferences

StarCruiter