Er du fysioterapeut ?
Kinn kommune — KINN
Sted
KINN
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Søknadsfrist
08/11/2026

Fysio- og ergoterapiavdelinga i Kinn, avdeling Måløy, har ledig 100% fast stilling som fysioterapeut.

Kontorstad er på Kulatoppen omsorgssenter. Som fysioterapeut vil du jobbe i team med ein fysioterapeut og to ergoterapeutar.

Stillinga som fysioterapeut har fokus på helsefremjande og førebyggande arbeid retta mot innbyggarar i alle aldrar. Stillinga inneber vurdering, rettleiing og behandling. Gjennom tidleg innsats, tverrfagleg samarbeid og individuelt tilpassa tiltak, skal tenesta bidra til å fremje funksjon, meistring, deltaking og god helse gjennom heile livsløpet.

Arbeidsoppgåver

Hovudarbeidsoppgåver:

Ha eit spesielt ansvar for tilbod til barn.

Gjere kartlegging og vurdering av brukaren sin fysiske funksjon.

Sikre gode og tilpassa treningsopplegg og bruk av systematisk verktøy.

Oppfølging gruppetrening.

Vere ein koordinator og sikre gode pasientforløp for brukarane som er inne til rehabilitering og korttidsopphald.

Andre aktuelle arbeidsoppgåver:

Samhandle tverrfagleg med øvrig personale i ulike teneste, spesialisthelsetenesta, fysio- og ergoterapi tenesta i Kinn kommune.

Delta på tverrfaglege møter.

Ha god dialog med heimen, heimetenesta og andre samarbeidspartar for planlegging og evt. tilrettelegging i heimen som sikrar raskare behandling og restituering.

Administrative oppgåve som blant anna dokumentasjon i EPJ-system.

Lymfødem oppfølging.

Sikre rett bruk av hjelpemiddel, opplæring og oppfølging.

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som fysioterapeut

Spesialkompetanse i lymfedrenasje eller er villig til å ta dette

Gode kunnskapar i norsk, både munleg og skriftleg

Førarkort klasse B

Gode datakunnskapar

Gyldig politiattest

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar:

Er fleksibel, kreativ og løysingsorientert

Du er ein lagspelar og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø

Er fagleg oppdatert og engasjert

Gode kommunikasjonsferdigheite og samarbeidsevne

Godt humør og stå-på-vilje

Er sjølvstendig og tek ansvar

Målretta, strukturert og profesjonell

Å vere personleg skikka blir vektlagt

Er framtidsretta og har fokus på velferdsteknologi

Vi tilbyr

Engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø

Fast 100% stilling på dagtid mandag – fredag

Faglege utfordringar

Personleg utvikling

Kompetanselønssystem

Tilrettelegg for kompetanseheving i tråd med tenesta sin kompetanseplan

Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk

God pensjonsordning

Kontaktinformasjon
Anita Norstrand, Avdelingsleiar , 415 36 130

Katrine Holvik Skinlo, Tenesteleiar, +47 97531483

Arbeidsstad
Ytre Kulen 73

6718 Deknepollen

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 5194748272

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 08.11.2026

Søk på stillingen »