Helse & Omsorg talentity
Meny
Lukk
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Helse & Omsorg talentity
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Hjem » Helse-stillinger / Helserekruttering » ia_stillinger » Fastlegar i vikariat

Fastlegar i vikariat

Vindafjord kommune Helse og omsorg — VINDAFJORD

Sted
VINDAFJORD
Ansettelsesform
Vikariat · Heltid
Kategori
ia_stillinger
Søknadsfrist
30/11/2026

Vi søkjer vikarar for fastlegar i fødselspermisjon ved Ølen legekontor og Vindafjord Legesenter i Vindafjord. Vi søkjer to legar med gjennomført LIS1, gjerne spesialistar i allmennmedisin, som ønskjer eit vikariat i eit organisert fagmiljø. Fastlegeheimlane har 950 pasientar kvar. Vikariata varer frå 04.01.2027 til 31.01.2028, med moglegheit for forlenging.

Om legekontora

Ølen legekontor ligg i Ølen og er eit kommunalt drive legekontor. Her arbeider sju fastlegar, ein LIS1-lege, helsesekretærar og ein sjukepleiar.

Vindafjord Legesenter ligg i Isvik/Skjold og blir drive av SmartLegen. Her arbeider fem fastlegar, ein LIS1-lege, helsesekretærar og sjukepleiarar.

Legekontora er velfungerande og har effektiv pasientflyt, breitt tverrfagleg samarbeid og gode moglegheiter for fagleg sparring. Praksisane er lagde til rette for høg kvalitet i det allmennmedisinske arbeidet.

Arbeidsoppgåver

Arbeid som fastlege med ansvar for eiga liste.

Kommunale tilsynsoppgåver og eventuelt andre legeoppgåver etter avtale.

Deltaking i legevaktordninga til kommunen.

Kommunen har eiga legevakt, organisert med delt vaktordning. Det blir gitt forhøgd beredskapskompensasjon og fri med lønn påfølgjande yrkedag etter nattevakt, uavhengig av aktivitet.

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som lege.

Gjennomført LIS1 eller turnusteneste.

Gode ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk, skriftleg og munnleg.

Førarkort klasse B.

Spesialitet i allmennmedisin er ein fordel, men ikkje eit krav.

Personlege eigenskapar

Du trivst både med å arbeide sjølvstendig og som ein del av eit team, og du har gode samarbeidsevner.

Du tek initiativ, arbeider proaktivt, strukturert og systematisk og er løysingsorientert.

Du møter pasientar med tryggleik og respekt, og du evnar å skape tillit i møte med menneske i ulike livssituasjonar.

Vi tilbyr

Lønn etter avtale

Velfungerande legekontor med moderne utstyr og erfarent støttepersonell.

Ryddige arbeidsforhold og ein føreseieleg arbeidskvardag.

Gratis parkering.

Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.

Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.

Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar

Ved arbeid i helse og omsorg skal du leggja fram godkjend politiattest.

Dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månader, skal du leggja fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før du startar i jobben. Personell i helse og omsorg skal òg leggja fram helseopplysningsskjema i samband med MRSA.

Om området

Vindafjord kommune ligg i Rogaland, med kort veg til både by og natur. Området byr på fjord, fjell og gode friluftsmoglegheiter året rundt. Samstundes gjer pendleavstanden til større byar kvardagen fleksibel. Lokalsamfunnet er trygt og aktivt, med gode tilbod til innbyggjarane.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her

Søk på stillingen »

Lignende stillinger

Fagarbeider barn — Lesja Kommune Skoglund Bofellesskap
Helsefagarbeidar — Kvinnherad kommune Bu og habilitering
Sykepleier — Indre Havn sykehjem avd. 1, Horten kommune
Assistent BPA — Tjenesteområde hjemmetjenesten, Lillehammer kommune

Helse-stillinger / Helserekruttering – ledige stillinger på følgende steder:

Helse-stillinger / Helserekruttering i ARENDAL
Helse-stillinger / Helserekruttering i BERGEN
Helse-stillinger / Helserekruttering i BODØ
Helse-stillinger / Helserekruttering i BÆRUM
Helse-stillinger / Helserekruttering i DRAMMEN
Helse-stillinger / Helserekruttering i FREDRIKSTAD
Helse-stillinger / Helserekruttering i HAUGESUND
Helse-stillinger / Helserekruttering i INDRE ØSTFOLD
Helse-stillinger / Helserekruttering i KRISTIANSAND
Helse-stillinger / Helserekruttering i LILLEHAMMER
Helse-stillinger / Helserekruttering i LILLESTRØM
Helse-stillinger / Helserekruttering i LØRENSKOG
Helse-stillinger / Helserekruttering i OSLO
Helse-stillinger / Helserekruttering i SARPSBORG
Helse-stillinger / Helserekruttering i SKIEN
Helse-stillinger / Helserekruttering i STAVANGER
Helse-stillinger / Helserekruttering i TROMSØ
Helse-stillinger / Helserekruttering i TRONDHEIM
Helse-stillinger / Helserekruttering i TØNSBERG
Helse-stillinger / Helserekruttering i ÅLESUND
Helse-stillinger / Helserekruttering – en rekrutteringstjeneste fra StarCruiter Nordics & UK AS © 2026
Terms and Conditions | Privacy Policy | Consent Preferences

StarCruiter