Helsefagarbeidar ved Seljetunet
Seljetunet omsorg og rehabilitering, Stad kommune — STAD
Sted
STAD
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Søknadsfrist
08/11/2026

Helsefagarbeidar – fleire faste stillingar ved Seljetunet

Vil du ha meir samanhengande fritid og påverke eigen turnus?
Vi har frå dags dato fleire ledige faste stillingar i ulike stillingsstørrelsar og helg som helsefagarbeidar ved Seljetunet – og vi vil gjerne ha deg med på laget!

Assistentar er òg velkomne til å søkje med oss.

Dette får du hos oss

Langvakter frå desember → meir fri, færre oppmøte

Fleksibel turnus (årsarbeidsplan)

Moglegheit til å påverke eiga arbeidstid og turnus

Inntil 10 % frie timar – jobb ekstra når det passar deg

Moglegheit for fleire helgar i turnus mot ekstra kompensasjon

Sommaravtale med ekstra kompensasjon

Eit miljø der vi testar nye løysingar og tenkjer nytt

Ein jobb med meining – og utvikling

Hos oss jobbar du tett på menneske – og får brukt både fagkunnskap og personlege eigenskapar kvar dag.

Du blir ein del av eit fagmiljø som:
- Satsar på utvikling og kvalitet
- Ønskjer nye idear frå tilsette
- Gir deg moglegheit til å påverke

Er du lærling og snart ferdig, eller ønskjer du fagbrev?

Hos oss legg vi til rette for at du kan ta fagbrev på jobb!

Om arbeidsplassen

Seljetunet gir tenester til bebuarar i institusjon og bufellesskap. Vi har:

47 plassar totalt

31 langtidsplassar i institusjon

16 bemanna omsorgsbustader

Eigne tilbod innan korttids- og avlastingsopphald

Vi har også eige institusjonskjøkken og eit sterkt fokus på gode kvardagar for bebuarane våre.

Kven er du?

Du er helsefagarbeidar – eller ønskjer å bli det

Du likar å jobbe med menneske

Du er fleksibel og open for nye måtar å jobbe på

Du ønskjer ein jobb der du kan utvikle deg

Arbeidsoppgåver

Utføre pasientretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav

Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinjer

Samarbeid med pårørande

Tverrfagleg samarbeid

Rettleie lærlingar, medarbeidarar og andre

Det vil bli lagt til rette for god opplæring ved oppstart

Kvalifikasjonar

Offentleg godkjend helsefagarbeidar eller hjelpepleiar

Er du lærling oppfordrar vi deg til å søkje

Assistentar er òg velkomne til å søkje

Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg

Aktuelle kandidatar må ha førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver

Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid

Tek initiativ og ansvar

Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre

Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø

Fokus på etikk

Vi tilbyr

Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø

Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område kommunen har behov for

Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Årsturnus der 10 % av stillinga kan vere frie timar.

Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar og sommaravtale i turnus, mot ekstra kompensasjon

Høve til å inngå avtale om langvakter på helg (kvar fjerde helg), og i vekedagane for lengre friperiodar

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Flyttegodgjersle

Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga.

Stad kommune har seks månader prøvetid.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Kontaktinformasjon
Stine Fylling, Avdelingsleiar Seljetunet, 98482449, stine.fylling@stad.kommune.no

Heidi Munch Starheim, Einingsleiar Seljetunet, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no

Arbeidsstad

6740 Selje

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5195086260

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 08.11.2026

Søk på stillingen »