Helse & Omsorg talentity
Meny
Lukk
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Helse & Omsorg talentity
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Hjem » Helse-stillinger / Helserekruttering » helse » Overlege/lege i spesialisering (LIS3)

Overlege/lege i spesialisering (LIS3)

Allmennpsykiatrisk poliklinikk BUP Stord — KVINNHERAD

Sted
KVINNHERAD
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Kategori
helse
Søknadsfrist
29/11/2026

Ved BUP Stord har vi ledig ei 100 % fast stilling som overlege eller lege i spesialisering (LIS 3), med arbeidsstad ved Husnes-/Odda-kontoret. Stillinga kan òg vere aktuell som praksis i spesialiseringsløp, til dømes i allmennmedisin.

Vi gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0–18 år). Opptaksområdet vårt omfattar seks kommunar: Stord, Fitjar, Bømlo, Tysnes, Kvinnherad og Ullensvang.

BUP Stord er organisert saman med Stord DPS under felles leiing og er delt inn i fire team. Poliklinikken har 25 fagstillingar. Kontora på Husnes og i Odda er utekontor for BUP Stord og gir tilbod til pasientar frå Ullensvang og Kvinnherad.

I dag har vi tre fagstillingar og ein merkantilt tilsett med fast kontorstad på Husnes, og tre fagstillingar ved Odda-kontoret. Alle er knytte til team ved BUP Stord.

På Stord har vi eit breitt tverrfagleg fagmiljø med god overlege- og spesialistdekning. Overlegen ved Husnes-/Odda-teamet deltek i faste legemøte og har tett kontakt med overlegane på Stord. Overlegegruppa er stabil og lokalt forankra. Overlegar ved BUP Stord inngår per i dag ikkje i vaktsystemet. Det er mogleg å ha kontorbase både på Husnes og i Odda.

Som LIS 3 deltek du fast på teammøte og internundervisning ein gong i veka. Du får ein fast rettleiar og følger både LIS-undervisning og internundervisning. Du blir òg ein del av eit kompetent og tilgjengeleg tverrfagleg fagmiljø.

Vi legg til rette for individuelt tilpassa utdanningsløp, der vi legg vekt på dine faglege interesseområde, i samsvar med dei overordna utdanningskrava.

Vi søker engasjerte og fagleg interesserte legar som vil vere med på å utvikle og forme barne- og ungdomspsykiatrien i Helse Fonna.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga!

Kva går jobben ut på?

Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom

Aktiv deltaking i tverrfaglege diskusjonar og problemløysing

Rettleiing og formidling av kunnskap internt og eksternt

Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom

Som spesialist: rettleiing, vurderingar og ansvar for pasientar

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Må ha dokumentert autorisasjon

Erfaring frå BUP er ønskeleg

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

trivst med å jobbe med barn, ungdom og føresette

har interesse for barne- og ungdomspsykiatri

arbeider sjølvstendig og har god oversikt over eigne oppgåver

tar initiativ og samarbeider godt med andre

er open for endringar og bidrar med nye idear og løysingar

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Kvifor skal du velje oss?

Eit godt fagmiljø med fokus på fag og kvalitetsforbetring

Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling

Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater

Psykoterapirettleiing

Arbeid i tverrfagleg team

Heile spesialiteten kan takasti Helse Fonna

Moglegheit for forsking i klinikk

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Ingvild Kaldråstøyl, Funksjonsleiar, +47 534 91220, ingvild.kaldrastoyl@helse-fonna.no

Arbeidsstad
Stølshaugvegen 5

5460 Husnes

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5187681611

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 29.11.2026

Søk på stillingen »

Lignende stillinger

Helsesekretær — Storoklinikken Da
Miljøterapeut til Barnebolig — Aurora Omsorg AS
BPA assistent — Anonym arbeidsgiver
Er du min nye BPA-assistent? Opptil 100 % fast stilling på dagtid — Medvind Assistanse AS

Helse-stillinger / Helserekruttering – ledige stillinger på følgende steder:

Helse-stillinger / Helserekruttering i ARENDAL
Helse-stillinger / Helserekruttering i BERGEN
Helse-stillinger / Helserekruttering i BODØ
Helse-stillinger / Helserekruttering i BÆRUM
Helse-stillinger / Helserekruttering i DRAMMEN
Helse-stillinger / Helserekruttering i FREDRIKSTAD
Helse-stillinger / Helserekruttering i HAUGESUND
Helse-stillinger / Helserekruttering i INDRE ØSTFOLD
Helse-stillinger / Helserekruttering i KRISTIANSAND
Helse-stillinger / Helserekruttering i LILLEHAMMER
Helse-stillinger / Helserekruttering i LILLESTRØM
Helse-stillinger / Helserekruttering i LØRENSKOG
Helse-stillinger / Helserekruttering i OSLO
Helse-stillinger / Helserekruttering i SARPSBORG
Helse-stillinger / Helserekruttering i SKIEN
Helse-stillinger / Helserekruttering i STAVANGER
Helse-stillinger / Helserekruttering i TROMSØ
Helse-stillinger / Helserekruttering i TRONDHEIM
Helse-stillinger / Helserekruttering i TØNSBERG
Helse-stillinger / Helserekruttering i ÅLESUND
Helse-stillinger / Helserekruttering – en rekrutteringstjeneste fra StarCruiter Nordics & UK AS © 2026
Terms and Conditions | Privacy Policy | Consent Preferences

StarCruiter