Overlege
Ungdomspost psykisk helsevern, Helse Førde — SUNNFJORD
Sted
SUNNFJORD
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Søknadsfrist
30/11/2026

Ungdomspost psykisk helsevern (UPH) har ledig fast stilling for overlege frå april 2027.

Avdeling for psykisk helsevern for barn og unge er organisert i fire seksjonar: ein sengepost og tre poliklinikkar. UPH er lokalisert i Støabygget i Førde og er ein del av eit stort og tverrfagleg fagmiljø innan psykisk helsevern.

UPH dekkjer ei barne- og ungdomsbefolkning på om lag 12 200 fordelte på åtte kommunar. Vi har spesialistar innan alle profesjonar og dei fleste fagområde, mange med lang erfaring frå feltet. Dette gjev eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og gode moglegheiter for fagleg utvikling.

Arbeidsoppgåver

Utgreie, diagnostisere og behandle psykiske lidingar hos barn og unge

Samarbeide med førstelinja og andre i spesialisthelsetenesta om eit heilskapleg helsetilbod

Deltaking i interne og eksterne møter, undervisning, fagutvikling, rettleiing og anna organisatorisk arbeid

Overlege inngår for tida i 5-delt bakvaktordning for Psykisk helsevern for barn og unge

Arbeid for poliklinikk kan påreknast

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som spesialist i barne- og ungdomspsykiatri

LIS som har kome langt i spesialiseringsløpet kan òg bli vurdert

God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

Gode evner til å møte barn, unge og foreldre slik at dei opplever seg sett og forstått

Gode evner til å samarbeide med andre på ein likeverdig og respektfull måte

Fagleg interesse og tydeleg engasjement, med ønskje om å vere med og utvikle behandlingstilbodet vidare

Gode evner til å arbeide strukturert og målretta, og har høg arbeidskapasitet

Trivast i eit aktivt miljø og tverrfagleg team

Vi tilbyr

Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Eit godt og ivaretakande arbeidsmiljø

Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver

Det vert lagt til rette for fagleg og personleg utvikling

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Frank Roger Kalstad, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 786

Arbeidssted
Svanehaugvegen 7

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5205422390

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 30.11.2026

Søk på stillingen »