Helse & Omsorg talentity
Meny
Lukk
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Helse & Omsorg talentity
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Hjem » Helse-stillinger / Helserekruttering » helse » Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Dialyse SNR, Helse Møre og Romsdal HF — MOLDE

Sted
MOLDE
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Kategori
helse
Søknadsfrist
16/11/2026

Dialyse- og nyrepoliklinikken ved SNR er ein tverrgåande seksjon med hovudavdeling ved SNR Hjelset og ein dialysesatellitt ved SNR Kristiansund. Den utlyste stillinga har hovudarbeidsstad ved Hjelset.

Dialyseeininga på Hjelset er open måndag til laurdag på dagtid, og per i dag også måndag og torsdag kveld. Opningstidene kan bli endra i takt med behov og aktivitet i seksjonen.
Som sjukepleiar ved dialyseeininga er det ein fordel å vere teknisk interessert, samstundes som du ønskjer å arbeide tett på pasientane. Pasientgruppa vår har samansette og komplekse sjukdomsbilete, og det er viktig at du evnar å fange opp viktige detaljar samtidig som du ser pasienten i eit heilheitleg perspektiv.

Vi ønskjer medarbeidarar som bidreg med godt humør, engasjement og arbeidsglede overfor både pasientar og kollegaer. Arbeidsmiljøet er oversiktleg og inkluderande, og du må trivast med å arbeide både sjølvstendig og i team.

Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med seksjonsleiar Ragnhild Vang på telefon 450 38 801.

Arbeidsoppgåver

Gjennomføring av hemodialysebehandling, inkludert handtering av dialysemaskiner og anna nødvendig medisinsk-teknisk utstyr

Opplæring og rettleiing av pasientar for å fremje eigenomsorg, meistring og livskvalitet

Utføring av praktiske og administrative oppgåver i seksjonen i tråd med gjeldande rutinar og prosedyrar

Bidra til fagutvikling, kvalitetsforbetring og kontinuerleg utvikling av tenestene

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som sjukepleiar

Det er ønskjeleg med erfaring innan nyremedisin og/eller dialysebehandling

Du må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg

Du har evne til å gjere sjølvstendige og gode kliniske vurderingar i møte med ei samansett og kompleks pasientgruppe

Personlege eigenskapar

Du er oppsøkjande og nysgjerrig i møte med nye oppgåver og utfordringar, og tek aktivt ansvar for eiga fagleg utvikling

Du trivst med både dei akutte og dei kroniske sidene ved pasientbehandling

Du er fagleg og personleg trygg, og arbeider sjølvstendig og strukturert

Du har gode samarbeidsevner og evne til å byggje sterke relasjonar og nettverk på tvers av sjukehuset

Du møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt, engasjement og profesjonalitet

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

Strukturert opplæring og god oppfølging i oppstarten

Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med stolte fagpersonar som deler kunnskap og erfaringar

Moglegheit til å bidra i eit viktig samfunnsoppdrag, med tett kontakt med pasientar og pårørande

Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du får nytte både fagleg kompetanse og personlege eigenskapar som sjukepleiar

Løn etter gjeldande overeinskomstar

Medlemskap i ei god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.

Kontaktinformasjon
Ragnhild Brandshaug Vang, Seksjonsleiar, 45038801, Ragnhild.Brandshaug.Vang@helse-mr.no

Arbeidsstad
Opdølvegen 4

6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5189060523

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 16.11.2026

Søk på stillingen »

Lignende stillinger

Helsesekretær — Storoklinikken Da
Miljøterapeut til Barnebolig — Aurora Omsorg AS
BPA assistent — Anonym arbeidsgiver
Er du min nye BPA-assistent? Opptil 100 % fast stilling på dagtid — Medvind Assistanse AS

Helse-stillinger / Helserekruttering – ledige stillinger på følgende steder:

Helse-stillinger / Helserekruttering i ARENDAL
Helse-stillinger / Helserekruttering i BERGEN
Helse-stillinger / Helserekruttering i BODØ
Helse-stillinger / Helserekruttering i BÆRUM
Helse-stillinger / Helserekruttering i DRAMMEN
Helse-stillinger / Helserekruttering i FREDRIKSTAD
Helse-stillinger / Helserekruttering i HAUGESUND
Helse-stillinger / Helserekruttering i INDRE ØSTFOLD
Helse-stillinger / Helserekruttering i KRISTIANSAND
Helse-stillinger / Helserekruttering i LILLEHAMMER
Helse-stillinger / Helserekruttering i LILLESTRØM
Helse-stillinger / Helserekruttering i LØRENSKOG
Helse-stillinger / Helserekruttering i OSLO
Helse-stillinger / Helserekruttering i SARPSBORG
Helse-stillinger / Helserekruttering i SKIEN
Helse-stillinger / Helserekruttering i STAVANGER
Helse-stillinger / Helserekruttering i TROMSØ
Helse-stillinger / Helserekruttering i TRONDHEIM
Helse-stillinger / Helserekruttering i TØNSBERG
Helse-stillinger / Helserekruttering i ÅLESUND
Helse-stillinger / Helserekruttering – en rekrutteringstjeneste fra StarCruiter Nordics & UK AS © 2026
Terms and Conditions | Privacy Policy | Consent Preferences

StarCruiter