Lege i spesialisering Ortopedi
Ortopediske leger SNR, Helse Møre og Romsdal HF — KRISTIANSUND
Sted
KRISTIANSUND
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Søknadsfrist
09/11/2026

Ortopdiske leger ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) – har ledig ei fast 100 % stilling og to vikariat i 100 % for Lege i spesialisering ortopedi.

Vil du bli ortoped i eit aktivt og framtidsretta kirurgisk fagmiljø?
Vi søkjer engasjerte og fagleg motiverte legar i spesialisering (LIS3) til ortopedisk seksjon ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR).
Vi tilbyr ei fast 100 % stilling og to 100 % vikariat som Lege i spesialisering i ortopedisk kirurgi.
Hos oss blir du ein del av eit stort og aktivt ortopedisk fagmiljø med høg operativ aktivitet, brei fagleg kompetanse og gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling.
Vi legg vekt på at LIS-legane våre skal få ei strukturert, variert og operativt orientert spesialistutdanning, med gradvis aukande sjølvstende og tett samarbeid med erfarne ortopediske kirurgar.

Tilsetting i fast stilling frå november 2026, i vikariata tilsetting etter avtale.

Arbeidsoppgåver

Klinisk arbeid ved ortopedisk sengepost og poliklinikk

Deltaking ved elektive og akutte ortopediske operasjonar

Utgreiing, diagnostikk og behandling av ortopediske pasientar

Deltaking i ortopedisk vaktordning ved SNR Hjelset

Mottak og behandling av traumepasientar

Deltaking i internundervisning, fagutvikling og kvalitetsforbetringsarbeid

Bidra til godt samarbeid mellom dei ulike yrkesgruppene i pasientbehandlinga

Aktiv deltaking i eiga spesialistutdanning og dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Arbeidet inneber teneste ved både SNR Hjelset og SNR Kristiansund, i samsvar med seksjonen sine arbeidsplanar og utdanningsløp.

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som lege

Gjennomført og godkjend LIS1-teneste, eller tilsvarande teneste godkjend etter gjeldande regelverk

Interesse for ortopedisk kirurgi og ønske om spesialisering innan fagområdet

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Tidlegare erfaring frå ortopedisk eller kirurgisk verksemd er ein fordel, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

Har interesse og motivasjon for kirurgisk arbeid

Er lærevillig, fagleg nysgjerrig og ønskjer å utvikle operative ferdigheiter

Arbeider strukturert og tek ansvar

Trivst i eit aktivt klinisk miljø med varierte arbeidsoppgåver

Har gode samarbeidsevner og bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Er oppteken av god pasientbehandling og pasienttryggleik

Ønskjer å bidra til fagleg utvikling, undervisning og kvalitetsforbetring

Personleg eignaheit vil bli vektlagd.

Vi tilbyr

Spesialistutdanning – vi satsar på LIS-legane våre

Vi har ein strukturert utdanningsplan for spesialisering i ortopedisk kirurgi. Utdanningsløpet omfattar fagrotasjonar, systematisk supervisjon, individuell rettleiing og planlagd progresjon innan operative ferdigheiter.

Som LIS3 hos oss får du:

Brei erfaring innan både akutt og elektiv ortopedisk kirurgi.

Planlagde fagrotasjonar med definerte læringsmål.

Moglegheit for gradvis aukande operativt ansvar og sjølvstende.

Regelmessig internundervisning og faglege diskusjonar.

Individuell utdanningsplan og fast rettleiar

Deltaking i tverrfagleg samarbeid og traumebehandling.

Moglegheiter for simulering og kirurgisk ferdigheitstrening.

Tilrettelegging for nødvendige kurs og utdanningsaktivitetar

Utdanninga blir hovudsakleg organisert i seksmånaders fagrotasjonar.

Det blir lagt til rette for nødvendig høgspesialisert teneste ved universitetssjukehus som ein del av spesialistutdanninga.

Vi ønskjer at LIS-legane våre skal utvikle tryggleik, gode kirurgiske ferdigheiter, sjølvstendig vurderingsevne og eit solid fagleg fundament.

Forsking, innovasjon og moderne kirurgisk teknologi:

Ortopedisk seksjon ved SNR har eit aktivt forskingsmiljø med fleire doktorgradar, pågåande doktorgradsprosjekt og kliniske forskingsstudiar.

Gjennom forskingsmiljøet MORE – Møre og Romsdal Orthopaedic Research Group arbeider vi med klinisk ortopedisk forsking, kvalitetsforbetring og utvikling av framtidas behandlingstilbod.

Vi har særleg aktivitet innan protesekirurgi, behandlingsresultat, kliniske studiar og moderne kirurgisk teknologi.

SNR har teke i bruk robotassistert kneprotesekirurgi og har eit fagmiljø som arbeider aktivt med vidareutvikling av robotkirurgi, simulering og innovasjon.

For LIS-legar med forskingsinteresse finst det moglegheiter for å delta i pågåande prosjekt og utvikle eigne forskingsaktivitetar.

Seksjonen deltek òg i utdanninga av medisinstudentar frå NTNU.

Om ortopedisk seksjon ved SNR:

Ortopedisk seksjon er ei av dei største operative verksemdene ved SNR og står for om lag halvparten av den kirurgiske aktiviteten ved sjukehuset.

Den ortopediske verksemda er organisert som éin samla seksjon med aktivitet ved både SNR Hjelset og SNR Kristiansund.

Seksjonen har eit breitt ortopedisk behandlingstilbod og eit etablert fagmiljø med om lag 14 overlegar og 8 LIS3-legar.

SNR Hjelset er hovudarena for akutt ortopedi, traumatologi, større elektiv kirurgi, sengepostarbeid og vaktverksemd.

SNR Kristiansund er ein viktig arena for elektiv ortopedisk kirurgi, avansert dagkirurgi og poliklinisk verksemd.

Seksjonen har brei aktivitet innan mellom anna:

Traumatologi og brotbehandling

Hofte- og kneprotesekirurgi, inkludert robotassistert kirurgi

Artroskopisk kirurgi og idrettstraumatologi

Skulder- og olbogekirurgi

Handkirurgi

Fot- og ankelkirurgi

Ryggkirurgi

Barneortopedi

Infeksjonskirurgi og revisjonskirurgi

Den store variasjonen i pasientgrunnlag og operative prosedyrar gir eit godt utgangspunkt for ei allsidig spesialistutdanning.
Om Sjukehuset Nordmøre og Romsdal
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal har verksemd ved Hjelset og Kristiansund og tilbyr spesialisthelsetenester til befolkninga i Nordmøre og Romsdal.
SNR Hjelset er eit moderne akuttsjukehus med gode fasilitetar for diagnostikk, behandling og kirurgisk verksemd. I Kristiansund er det omfattande elektiv og poliklinisk verksemd. Nordmøre og Romsdal byr på vakker natur, eit rikt kulturliv og gode moglegheiter for friluftsaktivitetar. Her ...[TRUNCATED]

Kontaktinformasjon
Kirsti Sevaldsen, Seksjonsleder, kirsti.sevaldsen@helse-mr.no

Arbeidsstad
Opdølvegen 4

6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5199552749

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikariat

Startdato: 02.11.2026

Søknadsfrist: 09.11.2026

Søk på stillingen »