Klinisk sosionom
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU), Helse Bergen HF — BERGEN
Sted
BERGEN
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Søknadsfrist
11/11/2026

Klinisk sosionom, fast stilling ved BUP Fana

Er du klinisk sosionom eller sosionom med vidareutdanning og ønsker jobb i eit fagleg sterkt og engasjert miljø? Ved BUP Fana har vi ledig fast stilling frå januar 2027.

Om oss
BUP Fana er ein av sju poliklinikkar i Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU). Vi held til sentralt på Nesttun, samlokalisert med BUP Ytrebygda. Opptaksområdet vårt omfattar Austevoll og Fana byområde i Bergen. Poliklinikken har 24 fagårsverk, inkludert tyngdepunktfunksjon for behandling av spiseforstyrringar, Regionalt senter for høyrsel og psykisk helse og ei stilling knytta til Tverrfagleg helsekartlegging.

Fagmiljø og behandlingstilbod
Hos oss møter du engasjerte og erfarne kollegaer. Vi tilbyr mellom anna:
IIP-gruppe, FBT-team, traumebehandling med erfarne terapeutar, EFST-grupper tilpassa spesialisthelsetenesta og eige team for utgreiing av autisme.

Dei siste åra har vi hatt særleg fokus på barn og unge med nevroutviklingsforstyrringar, vi har etablert IPS i samarbeid med NAV og arbeider tett opp mot både kommunale tenester og Barnevernsinstitusjonane i opptaksområdet vårt.

Vår tilnærming
Vi er opptatt av fagleg kvalitet, effektiv bruk av ressursar og godt samarbeid – både internt og med eksterne aktørar. Vi søker deg som ønsker å bidra inn i tverrfagleg team med spesifikk kompetanse som sosionom og som er engasjert i å finne gode løysingar for spesialisthelsetenesta i møte med aukande behov i befolkninga.

Krav til stillinga
Ved tilbod om stilling må du leggje fram tilfredsstillande politiattest i samsvar med helsepersonellova § 20a (arbeid med barn og utviklingshemma).

Arbeidsoppgåver

Bidra i utgreiing og diagnostisering av barn og unge

Bistå pasientar, føresette og medarbeidarar med informasjon og praktisk hjelp knytta til sosiale rettar og stønadar

Sjølvstendige behandlaroppgåver tilpassa kompetanse

Kvalifikasjonar

Godkjent utdanning som sosionom

Erfaring frå spesialisthelsetenesta og/eller arbeid med barn- og unge

Kompetanse innanfor metodane vi allereie jobbar med eller område vi ønsker å utvikle oss på

Vidareutdanning i klinisk sosialt arbeid (klinisk sosionom), relevant mastergrad, vidareutdanning i psykisk helsearbeid, familieterapi eller barnevern

Interesse for og/eller erfaring frå familiearbeid, system og nettverksarbeid eller rusfeltet

Personlege eigenskapar

Du har god vurderingsevne og arbeidskapasitet

Evne og vilje til å hjelpe pasientar og samarbeide med kollegaer

Fagleg trygg, nysjerrig og varm i møte med andre

Meistrar norsk skriftleg og munnleg

Vi tilbyr deg

Lønn i samsvar med overeinskomst

Eit støttande og godt arbeidsmiljø

Rettleiing, relevante kurs og vidareutdanning med stort rom for fagleg utvikling

Gode system for å ta i mot nytilsette

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Janne Tømmerbakke, Seksjonsleiar, 92082083

Arbeidsstad
Østre Nesttunvegen 20

5221 Nesttun

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5200129507

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 11.11.2026

Søk på stillingen »