Funksjonsleiar
Intensiv sengepost, Haugesund sjukehus — HAUGESUND
Sted
HAUGESUND
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Søknadsfrist
10/11/2026

Vi søkjer ein funksjonsleiar som vil ta ansvar for både medarbeidarar, fagleg utvikling og dagleg drift ved intensiveininga vår.

Her får du ei sentral leiarrolle i ei eining som behandlar akutt kritisk sjuke pasientar og overvaker pasientar etter operasjon. Du blir ein del av leiarteamet i seksjon anestesi/intensiv, som omfattar anestesieining, intensiveining, anestesilegar og palliativt team.

Hos oss får du samarbeide med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar, samtidig som du får høve til å påverke utviklinga av både fagmiljøet og pasientbehandlinga.

Er du klar for nye utfordringar og ønskjer å vere med på å utvikle intensiveininga vår? Søk hos oss!

Kva går jobben ut på?

Som funksjonsleiar har du fag-, personal- og økonomiansvar for intensiveininga. Du rapporterer til avdelingsleiar og inngår i leiarteamet i seksjonen.

Dei viktigaste oppgåvene dine blir å:

leie og sikre den daglege drifta av eininga

ha ansvar for bemanning, ressursbruk og økonomi

bidra til eit godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsrelasjonar

følge opp, rekruttere og vidareutvikle medarbeidarar

sikre sjukepleiefagleg forsvarleg pasientbehandling og bidra til kvalitetsutvikling

legge til rette for god kommunikasjon og informasjonsflyt

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Intensivsjukepleiar/spesialsjukepleiar med interesse for personalleiing

Kunne nytte IT-verktøy som arbeidsredskap

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Leiarutdanning og erfaring frå personalleiing er ein fordel

Erfaring med turnusarbeid er ein fordel

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter ein leiar som er tydeleg, samarbeider godt med andre og har evne til å skape struktur i ein travel arbeidskvardag.

Vi ønsker at du:

arbeider målretta og strukturert

har god oversikt og evne til å prioritere oppgåver og ressursar

kommuniserer tydeleg og samarbeider godt med ulike faggrupper

har forståing for økonomi og god ressursstyring

handterer ein travel arbeidskvardag og tek avgjerder når det trengst

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse og engasjerte medarbeidarar

god opplæring og høve til personleg og fagleg utvikling

ei leiarstilling med fagleg ansvar og høve til å påverke utviklinga av intensiveininga

stor grad av sjølvstende i arbeidet

spennande og utfordrande leiaroppgåver

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Gunnar Helge Sjøen, Leder AIO, 47709138, gunnar.helge.sjoen@helse-fonna.no>

Arbeidsstad
Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5195792830

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 10.11.2026

Søk på stillingen »