Lege før turnus/medisinstudent med lisens
DØGNSEKSJON PHBU OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF — ÅLESUND
Sted
ÅLESUND
Ansettelsesform
Vikariat · Heltid
Søknadsfrist
04/11/2026

Er DU vår nye kollega?

Ved døgnseksjonen i Ålesund har vi ledig 100% vikariat som Lege i spesialisering 2/3, lege før turnus/medisinstudent med lisens frå 01.01.27 til 31.08.27.

Vi søkjer deg som ønskjer å lære meir om barne- og ungdomspsykiatri og vere ein del av eit fagleg godt fellesskap. Vi kan tilby
spennande og meningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø for deg
som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske
lidingar.

Avdeling Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein
døgnseksjon i Ålesund. Døgnseksjonen er samlokaliser med poliklinikken i Ålesund. Døgnseksjonen har 10 sengeplassar
fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar og er eit
tilbod for heile Møre og Romsdal.

Vi tek imot pasientar med psykiske lidingar, både til frivilleg innlegging og
til tvungen psykisk helsevern. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der
kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og
individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog). Teamarbeid
er basisen i tilbodet på sengeposten. Ved sidan av ei tverrfagleg samansett
miljøterapeutgruppe, jobber det i dag 2 overleger, 1 psykologspesialist og 1 psykolog på døgnseksjonen. I arbeidet med observasjon,
utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi,
foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.

Arbeidsoppgåver

Utgreiing, diagnostisering, medisinering og behandling/stabilisering

Fagleg utviklingsarbeid

Tverrfagleg samarbeid

Ta del i felles vaktordning med psykisk helsevern for vaksne

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som lege, cand.med eller medisinstudent med lisens

Du må mestre norsk språk svært godt, både muntleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Evne og vilje til samarbeid og omstilling

Gode relasjonelle egenskaper og evner til kommunikasjon, både med pasientar, pårørande og kollegaer, og fremstå som en trygg og kompetent voksen

Interesse for fag- og organisasjonsutvikling og forbetringsarbeid

Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid

Evner som lagspelar, men vere sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs

Evne til å medvirke til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

Sterkt tverrfagleg samarbeid

Ein inkluderande arbeidsplass

Løn etter gjeldande overeinskomstar

Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon
Beate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, Beate.Olsbo.Nilsen@helse-mr.no

Arbeidsstad
Geilebergvegen 18

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5197873794

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.01.2027

Sluttdato: 31.08.2027

Søknadsfrist: 04.11.2026

Søk på stillingen »