Tannhelsesekretær ved distriktstannklinikken Sykkylven
Distriktstannklinikken Sykkylven [sykkylven], Møre og Romsdal fylkeskommune — SYKKYLVEN
Sted
SYKKYLVEN
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Søknadsfrist
20/11/2026

Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt på Sykkylven på Sunnmøre?

Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke?

Blir du motivert av å jobbe for og med menneske?

Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar?

Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit?

Vi har ledig, fast 100% stilling som tannhelsesekretær ved distriktstannklinikken Sykkylven.

Vil du kombinere ein meiningsfull jobb, i ein topp moderne klinikk, med eit aktivt liv mellom fjord og fjell?

Mellom fjord og fjell ligg Sykkylven, kjent som innfallsporten til Sunnmørsalpane. Regionen byr på naturopplevingar i verdsklasse og eit aktivt friluftsliv gjennom alle årstider, frå toppturar og sykling til alpint og langrenn. Samstundes finn du eit levande lokalsamfunn med eit rikt kultur- og organisasjonsliv, som gir gode moglegheiter for både familiar og tilflyttarar. Les meir om Sykkylven og moglegheitene for eit aktivt liv i Sunnmørsalpane: www.sykkylven.com

Arbeidsoppgåver

Kliniske oppgåver

Assistere tannlege og tannpleiar i behandling av alle pasientgrupper.

Varierte kliniske arbeidsoppgåver, med pasientar i alle aldersgrupper.

Hygieneansvar og oppgåver innan smittevern.

Administrative oppgåver knytt til timebestilling, journalsystem og pasientkontakt.

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær.

Søkarar utan autorisasjon kan bli vurderte for tilsetting i stilling som assistent dersom vi ikkje har kvalifiserte kandidatar med gyldig autorisasjon.

God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk.

Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasienttryggleik.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

kjenner stoltheit for tannhelsefaget

er strukturert, nøyaktig og sjølvstendig

har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

er serviceinnstilt og løysingsorientert

tek ansvar og bidreg til god samhandling på tvers av klinikkar og fagmiljø

ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø

Vi tilbyr

Ei spennande og variert stilling.

Lønn etter tariffavtale

Fagleg utvikling og tilgang til eit stort kompetansenettverk.

Trivelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.

Introduksjonsprogram.

Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg

Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)

Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest

Kontaktinformasjon
Berte Helen Støylen Hole, Klinikkleder

Are Kristoffer Hjeltnes, Overtannlege Ålesund kompetanseregion, 92045001

Arbeidsstad
Ullavikvegen 7

6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5202717125

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 20.11.2026

Søk på stillingen »