Helse & Omsorg talentity
Meny
Lukk
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Helse & Omsorg talentity
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Hjem » Helse-stillinger / Helserekruttering » helse » Helsefagarbeidar

Helsefagarbeidar

Eidet omsorgssenter avd 2, Haram kommune — HARAM

Sted
HARAM
Ansettelsesform
Fast · Deltid
Kategori
helse
Søknadsfrist
15/11/2026

Haram kommune søker etter helsefagarbeidar i ca. 65% fast stilling, for tida ved Eidet omsorgssenter i
Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus på natt, med arbeid kvar 3. helg.

Eidet omsorgssenter har eit tett samarbeid på tvers av dei 2 avdelingane på omsorgssenteret, særleg på
natt. Vi er opne for nye arbeidsmetodar og turnusløysingar som gagnar både bebuarane og dei tilsette. Vi har fokus på gode
måltid produsert på huset. Vi har tilgang til flotte uteområde med mykje sol. Her nyt vi utsikt utover fjord
og fjell, frå eit fint og moderne bygg. Eidet omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa.

Eidet omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram
omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne
av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at
brukarane mottek gode tenester.

Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har
ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester,
slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den
viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønsker å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling
og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i
kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av
tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre
gode.

Arbeidsoppgåver

Helsefaglege oppgåver.

Omsorg og oppfølging av sjukeheimspasientane.

Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.

Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.

Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.

Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.

Kvalifikasjonar

Fagbrev som helsefagarbeidar.

Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg.

Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Personlege eigenskapar

I Haram kommune ønsker vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit
godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt.

Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Godt humør og positiv framtoning.

Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer

Eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme.

Vi tilbyr

Tverrfagleg samarbeid.

Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver.

Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på.

Gode turnustekniske løysingar.

Løn etter tariff.

Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon
Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, Maria.Elizabeth.Marthinussen@haram.kommune.no

Arbeidsstad
Trolldalssletta 12

6264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5199189098

Stillingsprosent: 65%

Fast

Startdato: 01.12.2026

Søknadsfrist: 15.11.2026

Søk på stillingen »

Lignende stillinger

Helsesekretær — Storoklinikken Da
Miljøterapeut til Barnebolig — Aurora Omsorg AS
BPA assistent — Anonym arbeidsgiver
Er du min nye BPA-assistent? Opptil 100 % fast stilling på dagtid — Medvind Assistanse AS

Helse-stillinger / Helserekruttering – ledige stillinger på følgende steder:

Helse-stillinger / Helserekruttering i ARENDAL
Helse-stillinger / Helserekruttering i BERGEN
Helse-stillinger / Helserekruttering i BODØ
Helse-stillinger / Helserekruttering i BÆRUM
Helse-stillinger / Helserekruttering i DRAMMEN
Helse-stillinger / Helserekruttering i FREDRIKSTAD
Helse-stillinger / Helserekruttering i HAUGESUND
Helse-stillinger / Helserekruttering i INDRE ØSTFOLD
Helse-stillinger / Helserekruttering i KRISTIANSAND
Helse-stillinger / Helserekruttering i LILLEHAMMER
Helse-stillinger / Helserekruttering i LILLESTRØM
Helse-stillinger / Helserekruttering i LØRENSKOG
Helse-stillinger / Helserekruttering i OSLO
Helse-stillinger / Helserekruttering i SARPSBORG
Helse-stillinger / Helserekruttering i SKIEN
Helse-stillinger / Helserekruttering i STAVANGER
Helse-stillinger / Helserekruttering i TROMSØ
Helse-stillinger / Helserekruttering i TRONDHEIM
Helse-stillinger / Helserekruttering i TØNSBERG
Helse-stillinger / Helserekruttering i ÅLESUND
Helse-stillinger / Helserekruttering – en rekrutteringstjeneste fra StarCruiter Nordics & UK AS © 2026
Terms and Conditions | Privacy Policy | Consent Preferences

StarCruiter