Sjukepleiar
Medisinsk sengepost Stord sjukehus — STORD
Sted
STORD
Ansettelsesform
Vikariat · Deltid
Søknadsfrist
17/11/2027

Då har vi ein plass til deg på verdas beste avdeling!

Du trivst når det skjer litt rundt deg – og er ein trygg sjukepleiar som vil vere med oss i det vi meiner er ein av dei mest spanande og lærerike postane på sjukehuset vårt.

Her jobbar vi tett saman, både fagleg og menneskeleg, og har pasientar med både hjarte-, lunge-, slag og gastrolidingar – i tillegg til eit breitt spekter av andre medisinske diagnosar. Det gir ein kvardag med mykje ansvar, stor variasjon og god utvikling – saman med flinke og rause kollegaer.
Det er ledig 3x svangerskapsvikariat fordelt på hjerte/lunge/gastro post og slag/generell indremedisinsk post.

Er du ny? Null stress – vi tek godt imot deg og sørger for god opplæring og støtte frå dag éin.

Turnusen? den finn vi ut av saman. Vi har fleire løysingar:

Langvakter opptil 12,5 time – med høgare tillegg og lengre friperiodar.

Tredelt turnus med 16 helger per år.

Langhelgturnus med høgare helgetillegg (47%).

📩 Snakk med Gloria – så finn vi noko som passar for deg. Eller berre søk med ein gong!

Stord er perfekt plassert for deg som vil ha fjord, fjell og fritid tett på. Her finn du turstiar, aktivitetar, kulturliv – og både vidaregåande skular og høgskule.
🔗Les meir om Stord kommune

Kva går jobben ut på?

Du vil jobbe med pasientar innan hjarte-, lunge- og gastrolidingar – ofte med komplekse og alvorlege sjukdommar. Det betyr at sjukepleiefaget får stort rom, og at du får brukt både hovudet og hjartet.

Du vil ha ansvar for oppfølging og behandling av pasientar i tett samarbeid med kollegaer og andre faggrupper.

Dokumentasjon, kontakt med pårørande og bidrag til fagleg utvikling er òg ein naturleg del av jobben.

Vi jobbar i tverrfaglege team, støttar kvarandre – og blir stadig betre på å stå saman.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Norsk autorisasjon som sjukepleiar.

Det er ein fordel om du har erfaring frå hjarte-, lunge- eller gastropasientar – og gjerne frå kreftomsorg.

IKT erfaring er ein fordel – men viss ikkje, sørger vi for god opplæring.

Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar blir vektlagd.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

er god til å sjå mennesket bak sjukdommen

likar å vere ein støttespelar for kollegaene dine

taklar utfordringar på ein god måte, og er flink til å finne løysingar saman med andre

er god på å snakke med folk – anten det er pasientar, pårørande eller kollegaer.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du godt betalt for langhelg – med 47 % tillegg ved langvakter kvar tredje helg. Vi tilbyr fleksibel turnus og ein arbeidsplass med høg fagleg standard og breie problemstillingar.

Vi har kollegaer som trivst i lag og vi legg til rette for vidareutdanning og utvikling.

Kontaktinformasjon
Gloria Martinsdóttir Hauan, Funksjonsleder , 91300840, glohan@ihelse.net

Arbeidsstad
Tysevegen 64

5416 STORD

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5200878668

Stillingsprosent: 75, 80%

Vikariat

Startdato: 01.12.2026

Sluttdato: 31.08.2027

Søknadsfrist: 17.11.2026

Søk på stillingen »