Sjukepleiar
Sengepost Kirurgi 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF — MOLDE
Sted
MOLDE
Ansettelsesform
Vikariat · Heltid
Søknadsfrist
06/11/2026

Er du ein positiv, engasjert og fagleg nysgjerrig sjukepleiar? Då kan du vere den vi leitar etter!

Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar til to 100 % fast stilling og to 100 % vikariat ved vår kirurgiske sengepost ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset. Tilsetjing snarast eller etter avtale. Tilsetjing kan skje fortløpande.

Kirurgisk sengepost ved SNR Hjelset består av både akutt og elektiv virksomheit. Vi tek imot øyeblikkeleg hjelp-pasientar innan ortopedi, urologi og øyre-nase-hals (ØNH), i tillegg til kirurgiske øyeblikkeleg hjelp-barn innen alle kirurgiske fagområder. Sengeposten har òg ei eiga 5-døgns elektiv eining som behandlar pasientar innan ortopedi, urologi, ØNH, gastroenterologisk kirurgi, gynekologi og plastikkirurgi.
Hos oss møter du eit variert pasientgrunnlag og eit breitt kirurgisk fagmiljø. Vi arbeider tett saman i tverrfaglege team for å sikre trygge pasientforløp, høg fagleg kvalitet og god pasientoppleving. Avdelinga er prega av engasjerte medarbeidarar, høg aktivitet og eit kontinuerleg fokus på fagutvikling, samarbeid og forbetringsarbeid.

Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle gode og berekraftige turnusordningar, og det er moglegheit for langvakter. Dersom du ønskjer redusert stillingsstorleik, ber vi om at dette blir oppgjeve i søknaden. Ved interne omrokkeringar kan andre stillingsstorleikar bli ledige.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til søknaden.

Arbeidsoppgåver

Utøve heilskapleg sjukepleie til akutte og elektive pasientar innan kirurgi, ortopedi og kirurgisk barnepleie

Observere, vurdere og følgje opp pasientar sin kliniske tilstand før og etter behandling eller kirurgiske inngrep

Planlegge, gjennomføre og evaluere sjukepleietiltak i samarbeid med pasient, pårørande og tverrfagleg team

Medikamenthandtering og sjukepleieprosedyrar i tråd med gjeldande retningslinjer

Opplæring og rettleiing av pasientar, pårørande, studentar og kollegaer

Delta i fagutvikling, kvalitets- og forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som sjukepleiar

Erfaring frå sengepost er ønskjeleg, men ikkje eit krav

Erfaring frå eller interesse for kirurgi, ortopedi og/eller behandling av barn er ein fordel

Gode kliniske vurderingsevner og evne til å arbeide kunnskapsbasert

God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

Du er fagleg engasjert og opptatt av god pasientbehandling

Du arbeider godt både sjølvstendig og i team

Du er ansvarsbevisst, strukturert og evner å prioritere i ein travel arbeidskvardag

Du kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer

Du handterer hektiske situasjonar på ein roleg og trygg måte

Du bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø og ønskjer å utvikle tenesta saman med kollegaene dine

Vi tilbyr

Ein spennande og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar

Faglege utfordringar og gode moglegheiter for kompetanseutvikling

Eit inkluderande arbeidsmiljø med tett samarbeid og høg fagleg kompetanse

Sterkt tverrfagleg samarbeid med legar og andre faggrupper

Moglegheit til å bidra i utviklinga av kirurgiske tenester og behandlingstilbod ved sjukehuset

Fleksiplan, turnus går over 12 veker

Sterkt tverrfagleg samarbeid

Ein inkluderande arbeidsplass

Løn etter gjeldande overeinskomstar

Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon
Cathrine Emilie Valgermo Forren, Konstituert seksjonsleder, +47 95907778

Arbeidsstad
Opdølvegen 4

6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5178352629

Stillingsprosent: 100%

Vikariat, Fast

Startdato: 01.11.2026

Sluttdato: 31.10.2027

Søknadsfrist: 06.11.2026

Søk på stillingen »