Tannlege ved distriktstannklinikken Harøy
Distriktstannklinikken Harøy [haroy], Møre og Romsdal fylkeskommune — ÅLESUND
Sted
ÅLESUND
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Søknadsfrist
20/11/2026

Jobb med utsikt mot Atlanterhavet – og ein kvardag tett på naturen

Ledig, fast 100 % tannlegestilling ved distriktstannklinikken Harøy

Drøymer du om ein jobb der arbeidsdagen blir kombinert med storslått kystnatur, frisk havluft og eit rolegare tempo etter arbeidstid? Då kan dette vere jobben for deg. Tannklinikken ligg i tettstaden Steinshamn på Harøya, som ligg ytst mot Atlanterhavet i Ålesund kommune, omgitt av hav, holmar og skjær. Her får du spektakulære solnedgangar, korte avstandar til fjell og sjø, og rike moglegheiter for friluftsliv – anten du likar padling, fiske, turar langs kysten eller rolege kveldar med havet som bakteppe. Harøya og Finnøya er endepunktet langs Nordøyvegen, som knytter øyriket til fastlandet. Ona & Nordøyane - Fjord Norway

Arbeidsoppgåver
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som tannlege

God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk

Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

kjenner stoltheit for tannhelsefaget

trivst med å jobbe med og for menneske

jobbar effektivt og sjølvstendig

har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert

ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljøJobbar effektivt og sjølvstendig

Vi tilbyr

Ein god jobb der du kan utvikle deg

Lønn etter avtale

Oppdatert og fin tannklinikk

Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse

Introduksjonsprogram

Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg

Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)

Etableringstilskot og flyttetilskot

Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest

Kontaktinformasjon
Are Kristoffer Hjeltnes, Overtannlege Ålesund kompetanseregion, 92045001

Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500

Arbeidsstad
Austrevegen 17

6296 Harøy

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5204980679

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 20.11.2026

Søk på stillingen »