Psykologspesialist
Førde BUP, Helse Førde — SUNNFJORD
Sted
SUNNFJORD
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Søknadsfrist
22/11/2026

Førde BUP har ledig 100 % fast stilling som psykologspesialist. Oppstart etter nærare avtale.

Førde BUP er ein av poliklinikkane i Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) og gir tilbod til barn, unge og familiar i åtte kommunar med ei samla barnebefolkning på om lag 12 200.

Vi har spesialistar innan alle profesjonar og dei fleste fagområde, mange med lang erfaring frå fagfeltet. Vi held eit høgt fagleg nivå og har oppdatert kunnskap og brei behandlingskompetanse.

Poliklinikken er lokalisert i Dagabygget i Førde og er ein del av eit stort fagmiljø innan psykisk helsevern.

Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jf. Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og personar med utviklingshemming). Attesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.

Arbeidsoppgåver

Utgreie, diagnostisere og behandle psykiske lidingar hos barn og unge. Primært med vekt på nevrofeltet.

Samarbeide med førstelina og andre i spesialisthelsetenesta om eit heilskapleg helsetilbod

Deltaking i interne og eksterne møter, undervising, fagutvikling, rettleiing og anna organisatorisk arbeid

Kvalifikasjonar

Psykologspesialist/psykolog med norsk autorisasjon i klinisk psykologi.

God fagleg vurderingsevne

God norsk skriftleg og munnleg framstillngsevne

Erfaring med arbeid i barne- og ungdomspsykiatri vert vektlagt samt erfaring med utgreiing og behandling av nevroutviklingsforstyrringar.

Personlege eigenskapar

Gode evner til å møte barn, unge og foreldre slik at dei opplever seg sett og forstått

Gode evner til å samarbeide med andre fagpersonar på ein likeverdig og respektfull måte

Fagleg interesse og tydeleg engasjement, med ønske om å vere med og utvikle behandlingstilbodet vidare

Gode evner til å arbeide strukturert og målretta, og har høg arbeidskapasitet

Trivast i eit aktivt miljø og tverrfagleg team

Personelge eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Eit godt og ivaretakande arbeidsmiljø

Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Hildegunn Knapstad Fauske, Seksjonsleiar, 578 39 207

Arbeidssted
Svanehaugvegen 2

6812 FØRDE

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5202962670

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 22.11.2026

Søk på stillingen »