Tannhelsesekretær ved Molde kompetanseklinikk
Molde kompetanseklinikk [molde_kompetanseklinikk], Møre og Romsdal fylkeskommune — MOLDE
Sted
MOLDE
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Søknadsfrist
09/11/2026

Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?

Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke?

Blir du motivert av å jobbe for og med menneske?

Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar?

Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit?

Vi har ledig fast 100 % stilling som tannhelsesekretær ved Molde kompetanseklinikk med moglegheit for utvida administrativ funksjon.

Molde kompetanseklinikk er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar, og har 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 10 tannhelsesekretærar. Klinikken har i tillegg også spesialistar i oralkirurgi og oralprotetikk og psykolog i tverrfagleg behandlarteam TOO.

Stillinga omfattar i hovudsak ordinære kliniske oppgåver som tannhelsesekretær. Det kan òg vere aktuelt å kombinere dette med funksjon som overtannlegesekretær i delar av stillinga. I denne rolla vil du utføre støtte- og koordineringsoppgåver på vegner av overtannlegen, og bidra til god drift, samarbeid mellom klinikkane og administrativ støtte til leiarane i kompetanseregionen. Denne administrative funksjonen føreset autorisasjon som tannhelsesekretær.

Arbeidsoppgåver

Kliniske oppgåver

Assistere tannlege og tannpleiar i behandling av alle pasientgrupper.

Varierte kliniske arbeidsoppgåver, med pasientar i alle aldersgrupper.

Hygieneansvar og oppgåver innan smittevern.

Administrative oppgåver knytt til timebestilling, journalsystem og pasientkontakt.

Administrative oppgåver ved eventuell overtannlegesekretærfunksjon

Personaladministrative oppgåver som oppfølging av permisjonar, ferie og fråvær.

Oppfølging av tidregistrering og fråværsregistrering.

Bidra til implementering og oppfølging av rutinar, retningslinjer og arbeidsprosessar ved klinikkane.

Bidra til planlegging og koordinering av møte, samlingar, kurs og andre regionale aktivitetar.

Innhenting, samanstilling og oppfølging av statistikk, rapportering og annan administrativ dokumentasjon.

Eventuelt andre administrative og organisatoriske oppgåver etter nærare avtale med overtannlegen.

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær. Overtannlegesekretærfunksjonen er forbeholdt autoriserte tannhelsesekretærar.

Søkarar utan autorisasjon kan bli vurderte for tilsetting i stilling som assistent dersom vi ikkje har kvalifiserte kandidatar med gyldig autorisasjon.

God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk.

God digital kompetanse og erfaring med administrative system.

Erfaring med administrative oppgåver vil vere ein fordel.

Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasienttryggleik.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

kjenner stoltheit for tannhelsefaget

er strukturert, nøyaktig og sjølvstendig

trivst med både kliniske og administrative arbeidsoppgåver

har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

er serviceinnstilt og løysingsorientert

tek ansvar og bidreg til god samhandling på tvers av klinikkar og fagmiljø

ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

Ei spennande og variert stilling med moglegheit for kombinasjon av kliniske og administrative arbeidsoppgåver.

Moglegheit for funksjon som overtannlegesekretær med ei sentral rolle i utvikling og drift av tannhelsetenesta i regionen. Det inneber eit eige funksjonstillegg på lønn så lenge funksjonen blir utøvd.

Lønn etter tariffavtale

Fagleg utvikling og tilgang til eit stort kompetansenettverk.

Trivelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.

Introduksjonsprogram for nye medarbeidarar.

Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg

Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)

Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest

Kontaktinformasjon
Ingri Nilsson Valle, Klinikkleder, 45416614

Henriette Stavik Hollingen, Overtannlege Molde kompetanseregion, 92414190

Arbeidsstad
Bjørnstjerne Bjørnsons veg 6

6412 Molde

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5195671742

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 09.11.2026

Søk på stillingen »