Helse & Omsorg talentity
Meny
Lukk
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Helse & Omsorg talentity
• Hjem
• Om oss
• Rekruttering
• Våre priser
• Kontakt
Hjem » Helse-stillinger / Helserekruttering » helse » Overlege i psykiatri

Overlege i psykiatri

Psykosepoliklinikken Haugaland DPS — HAUGESUND

Sted
HAUGESUND
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Kategori
helse
Søknadsfrist
01/12/2026

Overlege i psykiatri – Psykosepoliklinikken ved Haugaland DPS

Psykosepoliklinikken ved Haugaland DPS (HDPS) søkjer etter ein engasjert overlege i psykiatri som ønskjer å bli ein del av eit spennande fagmiljø i utvikling.

Her blir du ein viktig del av eit tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse, tett samarbeid og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Vi ønskjer oss ein kollega som er oppteken av god pasientbehandling, og som vil bidra til å vidareutvikle behandlingstilbodet vårt.

Psykosepoliklinikken følgjer pasientar gjennom heile sjukdomsforløpet, frå tidleg oppdaging og utgreiing av psykose til behandling og langvarig oppfølging av pasientar med alvorlege og samansette psykoselidingar. Vi har òg ansvar for oppfølging av pasientar underlagt tvunge psykisk helsevern utan døgnopphald (TUD) i opptaksområdet vårt.

Som overlege vil du få ei sentral rolle i både utgreiing og behandling. Du vil delta i det etablerte utgreiingsteamet vårt, som i hovudsak består av legar og psykologar. Teamet arbeider med brei differensialdiagnostikk og samansette kliniske problemstillingar, med vekt på ein tydeleg samanheng mellom utgreiing, diagnose og behandlingsplanlegging.

Stillinga gir høve til å kombinere avansert differensialdiagnostisk arbeid med sjølvstendig klinisk behandling og oppfølging av pasientar over tid. Vi legg stor vekt på fagleg samarbeid, og det vil bli gitt rettleiing og lagt til rette for regelmessige faglege drøftingar og kollegial støtte.

Behandlingstilbodet ved poliklinikken omfattar medikamentell behandling, psykoterapi, familiearbeid, IMR-grupper (Illness Management and Recovery), musikkterapi og livsmeistringsgrupper. Vi samarbeider òg med NAV om individuell jobbstøtte (IPS) som ein integrert del av behandlinga.

Haugaland DPS har to sengepostar, der behandlarar frå Psykosepoliklinikken følgjer eigne pasientar også under døgnopphald ved den eine posten. Dette gir gode føresetnader for kontinuitet og heilskaplege behandlingsforløp. Stillinga vil innebere arbeid både i poliklinikk og på sengepost.

Ved Haugaland DPS har vi eit etablert ACT-team i samarbeid med Haugesund kommune og eit FACT-team som følgjer opp pasientar i seks andre kommunar. Poliklinikken driv òg eit omfattande kvalitetsforbetringsarbeid for å vidareutvikla utgreiing og behandling i tråd med nasjonale faglege føringar og oppdatert kunnskap. Som overlege vil du få høve til å bidra aktivt i dette arbeidet.

Fagmiljøet ved Haugaland DPS består av overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, legar og psykologar under spesialisering og andre erfarne faggrupper. Verksemda er lokalisert i Haugesund og Kopervik, og det må påreknast arbeid ved begge lokasjonane.

Hos oss får du ein variert og fagleg utfordrande arbeidskvardag, med gode kollegaer, fagleg støtte og moglegheit til å påverke utviklinga av eit framtidsretta behandlingstilbod for pasientar med psykoselidingar.

Kva går jobben ut på?

Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar.

Tverrfagleg klinisk arbeid i team.

Rettleiing og internundervisning.

Moglegheit for deltaking i felles bakvaktsordning med Haugesund sjukehus.

Deltaking i samhandling med pårørande, kommunehelsetenesta og andre samarbeidspartar.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Norsk autorisasjon.

Godkjent spesialisering i psykiatri.

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

er oppteken av å gi pasientane god behandling og oppfølging

arbeider systematisk og har god evne til å prioritere

har god evne til å kommunisere med pasientar, pårørande og kollegaer

har gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø

trivst med varierte arbeidsoppgåver og ein aktiv arbeidskvardag

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Kvifor skal du velje oss?

Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.

Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.

Ein arbeidsplass som er i inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).

Moglegheit for deltaking i prosjekt og kvalitetsutvikling.

Sterkt fagleg fellesskap med godt arbeidsmiljø.

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjer gi til kjenne dette i søknaden.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Louise Sandve, Funksjonsleiar, 99012230, louise.sandve@helse-fonna.no

Arbeidsstad
Floravegen 75

5535 Haugesund

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5191177854

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.12.2026

Søk på stillingen »

Lignende stillinger

Lege — Enhet for legevakt, legetjenester og smittevern, Trondheim kommune
Olavsgården bosenter søker sykepleier — Harstad kommune Olavsgården bosenter
Vernepleier — Lade bo- og aktivitetstilbud, Trondheim kommune
Tannhelsesekretær — Tannlege Halvard Vik As

Helse-stillinger / Helserekruttering – ledige stillinger på følgende steder:

Helse-stillinger / Helserekruttering i ARENDAL
Helse-stillinger / Helserekruttering i BERGEN
Helse-stillinger / Helserekruttering i BODØ
Helse-stillinger / Helserekruttering i BÆRUM
Helse-stillinger / Helserekruttering i DRAMMEN
Helse-stillinger / Helserekruttering i FREDRIKSTAD
Helse-stillinger / Helserekruttering i HAUGESUND
Helse-stillinger / Helserekruttering i INDRE ØSTFOLD
Helse-stillinger / Helserekruttering i KRISTIANSAND
Helse-stillinger / Helserekruttering i LILLEHAMMER
Helse-stillinger / Helserekruttering i LILLESTRØM
Helse-stillinger / Helserekruttering i LØRENSKOG
Helse-stillinger / Helserekruttering i OSLO
Helse-stillinger / Helserekruttering i SARPSBORG
Helse-stillinger / Helserekruttering i SKIEN
Helse-stillinger / Helserekruttering i STAVANGER
Helse-stillinger / Helserekruttering i TROMSØ
Helse-stillinger / Helserekruttering i TRONDHEIM
Helse-stillinger / Helserekruttering i TØNSBERG
Helse-stillinger / Helserekruttering i ÅLESUND
Helse-stillinger / Helserekruttering – en rekrutteringstjeneste fra StarCruiter Nordics & UK AS © 2026
Terms and Conditions | Privacy Policy | Consent Preferences

StarCruiter